Gode treningsanlegg
I Bjerkreim har me svært gode anlegg for aktivitet, trening, kampar og konkurransar. Idrettslaget har saman med Bjerkreim kommune bygd ut Vikeså stadion til å bli eit moderne og allsidig anlegg. Her er to fotballbaner, ei med kunstgras og ei med naturgras. Nærmiljøanlegg med mindre grasbaner. Friidrettsanlegg med seks løpebaner, hoppegrop, kast og spydsone. Det vart lagt heilt nytt dekke på løpebanen i 2018.