Bjerkreim friidrett
Friidrett for alle - hele livet
Friidretten i Bjerkreim har eit tilbod til både damer/jenter og herrer/gutar frå og med 9.kl
Velkommen til å bli med på variert og god trening for heile kroppen. Treningane består av mest løping og då intervalltrening. Ellers er det stort fokus på styrketrening og gode kombinasjonsøkter med kondis/styrke, såkalla sirkeltrening. Trenar ( Gunn Iren) lagar eget opplegg for kvar økt, så ingen trening er lik. Her er alle aldersgrupper representert frå 9.kl til godt over 60 år. Sosial og gøyal trening. Årleg høgdepunkt er Holmenkollstafetten i Oslo. Her reisar me og spring og har det sosialt ilag. Kom å bli med!
Mennene trenar mest intervall på løpebanen, men og rundt om på Vikeså
Friidrettsjentene
Friidrettsjentene – meir enn 50 jenter/damer i alderen 15 – 65 år trener i lag, kondis, utholdenhet, fart og styrke , med mykje latter og varme. Plass til fleire! Stiller i Holmenkollstafetten kvart år, nokre av oss deltek på diverse løp i sesongen, elles lite konkurransar. Trener: Gunn Iren Hegdal
Treningstider:
- Måndag kl. 19.00 (Oppmøte utanfor Bjerkreimshallen)
- Torsdager kl 18.00 (Oppmøte utanfor Bjerkreimshallen)
- Lørdag kl 10.00 (Oppmøte Vikeså skule)
For du som er ny og ynskjer å bli med oss, ta kontakt direkte vi messenger/mobil til trenar Gunn Iren Hegdal: 95926790
Friidrett Herrer
- Måndag og Torsdag kl 19 (Oppmøte Samfunnshuset)
Løpskarusellen – frå 3 år og oppover. 4-5 “løp” i sesongen, med oppstart i april, i tilknytning til Berseløpet. Vert avslutta med ein fest med fine premier. Ansvarlege pr.2020: Stian Indrevåg og Eirik Stapnes Barnefriidretten – Frå oktober til april har friidretten hatt aktivitetstilbod 1 gong i veka for barn i alderen 6-14 år. Pga manglande trenerkrefter og Covid-19 ligg dette tilbodet nede pr.dags dato. Kristine Osland er kontaktperson
Oppstart plar vera datoen når berseløpet er. Då går ein rundt bersevatnet og får fysrte klypp. Elles blir det arranger 4 andre løp/aktivitetar ila hausten, deriblant 60meter, friidrett med ulike stasjonar, bakkeløp og indianerløype.
Ungane får til slutt pokal for fullført karusell, dette blir markert på ein karusellfest på hausten.
Meir info kjem ut over våren.
Leiar: Monika Vassbø (tlf 98682703 epost: monikaeikeland@hotmail.com)
Ingrid Veen Skjæveland
Siv Reidun Vaule
Mariann B. Edland
Rune Osland
Trenar for damene: Gunn Iren Hegdal (tlf 95926790)